Velkommen!


VELKOMMEN TIL REMA-CUP 14.-16. juni 2019

Kampoppsettet kjem mondag 20. mai. Om de ynskjer endring av kamptid for eit lag, send meg ei melding på remacup@bremnesil.no eller logg inn her og send via påmeldingssiden. Me skal gjere så godt me kan for at alle skal bli nøgde med kampene :-)


Frist for å leggja inn spelare og t-skjortestørrelser for dei som ynskjer å bestemme dette sjølv er 14. mars.

Frist for å bestille deltakerkort er 1. april.


Vi inviterer Jenter og Gutter 7 - 12 år

I 2019 vert det fylgjande spelformer og påmeldingsavgifter for REMA CUP:

7 år (født 2012) – trear fotball kr. 500,- + administrasjonsgebyr
8 år (født 2011) – femar fotball kr. 700,- + administrasjonsgebyr
9 år (født 2010) – femar fotball kr. 700,- + administrasjonsgebyr
10 år (født 2009) – sjuar fotball kr. 900,- + administrasjonsgebyr
11 år (født 2008) - sjuar fotball kr. 900,- + administrasjonsgebyr
12 år (født 2007) – sjuar fotball kr. 900,- + administrasjonsgebyr

Me har dei siste åra opplevd så stor pågang at me diverre ikkje har kunne ta med alle laga som viser interesse. Me oppfordrer difor alle til å melde seg på så raskt ein kan.

Det er viktig å hugse på at påmeldinga ikkje er gyldig før betaling av påmeldingsavgifta er registrert.
Me praktiserer førstemann til mølla prinsippet, der dato for betalinga er den som gjeld.
Minner om at det ikkje er lov å spele på fleire lag under turneringa.

FRIST for å leggje inn spelarane for dei som meldar på lag er 1. mars 2019.
FRIST for å fordele spelarane på lag er 1. juni 2019.

I 2019 startar REMA Cup fredag kveld med eit opningsshow utanfor REMA 1000
Bremnes i Svortland sentrum. Her vert det grilla og ein kan kjøpe hamburgere.

Velkommen!

Kommentarer

Facebook