Sekretariatet i Bømlohalen opnar kl. 16.00 fredag 14. juni. Programmet for

helga ser slik ut:

Fredag kl. 16.00-21.00 Innsjekking og utlevering av deltakarbevis på skulane for

dei som skal bu på skulane, i Bømlohallen for dei som ikkje bur på ein skule.

Fredag kl. 18.00-21.00 Opningsshow og hamburgere utanfor REMA 1000 i

Svortland sentrum

Laurdag kl. 09.00-17.30 Kampar på Sentralidrettsanlegget

Laurdag kl. 20.00-22.00 Diskotek i Bømlohallen og foreldrecafé i klubblokalet

Sundag kl. 09.00-17.00 Kampar på Sentralidrettsanlegget med premieutdeling

NB! Alle lag som melder seg på, må ta høgde for å få kampar innanfor denne tidsramma.